2009 Kystleia 200

Moderne pilegrimsferd

Pilegrimsferd på havet gir kanskje ei særskilt form for nærleik til naturen og naturkreftene. Den åndelege og religiøse dimensjonen er likevel ikkje den einaste motivasjonsfaktoren for å få folk til å delta på pilegrimsreiser. Det kulturhistoriske aspektet og fokus på kysten si historie gjennom fleire tusen år vil for mange vere like viktig.