Pilegrimsvandring i mellomalderen

20140603_092223 (1)

Omgrepet pilegrim kjem av det latinske ordet peregrinus som betyr framand eller utanlandsk, og ein pilegrim er ein person som åleine eller i flokk føretek ei reise til ein heilag stad av åndelege årsaker.

Pilegrimsvandringar er eit viktig trekk ved mange religionar, som hinduismen, islam, jødedomen og kristendommen, og det er særleg stader der sentrale religiøse hendingar har funnet stad som utgjer viktige pilegrimsmål (Molland 1968:292). Pilegrimsreisene har gjennom historia vore mange og hatt. forskjellig karakter. Dei har likevel i stor grad handla om at menneska har anstrengt seg fysisk for å nå eit åndeleg mål (Prusac et al. 2009:7).

Dei kristne pilegrimsvandringane begynte tidleg på 300-talet, og dei tok for alvor til i 326 med mor til keisar Konstantin – Helena – si pilegrimsferd til Palestina (Molland 1968:292-293). Dei fremste valfartsstadene var Betlehem, Jerusalem og Roma. Det fanst også ei rekke valfartsstader av lågare rang, t.d. kyrkjer der ulike relikviar vart oppbevara eller stader der gravene til nasjonalhelgenar stod. Med Olav Haraldsson sitt fall på Stiklestad i 1030 fekk Noreg sin nasjonalhelgen – Olav den heilage – og skrinet hans i Nidaros vart det mest kjente pilegrimsmålet i Nord-Europa gjennom heile mellomalderen – frå 1030 til reformasjonen 500 år seinare.

Drivkrefter for pilegrimsreisane

Det var ulike grunnar til å gjere ei pilegrimsreise, og motiva for å delta kunne vere blanda. Generelt ser det ut til å ha vore to drivkrefter for pilegrimsfenomenet i mellomalderen. Den eine var folk sitt håp og ønskje om på mirakuløst vis å bli frisk frå sjukdom, og eit dominerande motiv i tidleg mellomalder var læking av sjukdom ved helgenrelikviar og takke-valfart etter å ha blitt frisk. Fortellingar om mirakel ved helgengraver, relikviar og krossar, var ein sterk motivasjon for mange.

Pilegrimar reiste likevel ikkje berre av religiøse grunnar. Mange pilegrimar, også i mellomalderen, var like mykje turistar som religiøst søkande. Rein reiselyst eller eventyrlyst kunne såleis vere ein god grunn for å reise i pilegrim (Gilhus 2009:47).

Pilegrimsreiser kunne også bli kombinert med diplomatiske oppdrag, særleg ved stormenn og geistlige sine Roma-reiser. Pilegrimane kunne komme frå alle samfunnsklassar og representerte alle sosiale grupper – både fattige og rike (Hager-Saltnes 2009:16).

Kyrkjemakt og inntekt

Den andre drivkrafta var kyrkja si interesse for makt og inntekter – som i stor grad kom til uttrykk gjennom avlatsfenomenet. Avlat er ei ettergiving av idømt straff for synd. Avlat var særleg aktuelt der pilegrimsreisa vart føreteke som eit botshandling, og dette har truleg også bidrege til å stimulere valfarten til kyrkjer med avlatsprivilegium – som t.d. domkyrkjene (Hager-Saltnes 2009:13). Mot slutten av mellomalderen utvikla avlatssystemet seg til ein reint kommersiell marknad der avlat vart gitt i bytte mot reine pengebidrag til meir eller mindre fromme formål. Avlatshandelen gav store inntekter, og besittelse av avlatsprivilegiar hadde etter alt å dømme stor økonomisk betyding for kyrkje og kloster (Bjelland 2000:22).

Kyrkja si maktinteresse var sannsynlegvis mest framtredande ved dei store pilegrimsmåla, mens folk sitt behov gjerne var meir knytt til dei små, lokale pilegrimsmåla (Bjelland 2000:331-332). Pilegrimsreisa kunne slik bli gjort som ein innfriing av eit løfte og ho kunne vere ei botsgjerning for grove og straffbare synder. I slike tilfelle skulle ikkje pilegrimsreisa vere lett å gjennomføre (Hager-Saltnes 2009:12).

For menneske som søkte helsebot var helgengraver og undergjerande relikviar ved pilegrimsmålet det viktigaste. Men for dei som gjennomførte pilegrimsferda som ei botshandling var den strabasiøse ferda hovudpoenget (Olsen 2013:8).

Uansett motiv var det viktig at pilegrimsreisa vart gjennomført. Det vart betrakta som ei stor synd å ikkje holde eit løfte om pilegrimsferd (Hager-Saltnes 2009:11).

Pilegrimspass og beskyttelse

Pilegrimane hadde eit krav på beskyttelse, og fleire skriftkjelder frå mellomalderen omtalar forskrifter rundt vern av pilegrimar. Kong Magnus Erlingsson (1161-1184) måtte love vern for alle pilegrimar til Nidaros, og straff – i dette tilfelle landsforvising – for personar som angreip dei. Føreskrifter om vern for pilegrimar kom inn i norsk lovgivning i 1270-åra, og i 1297 utstette kong Eirik Magnusson ei rettarbot der alle som angreip pilegrimar eller deira gods blei truga med straff. Det var likevel ikkje berre angripen på pilegrimar som utgjorde eit problem, men landstrykarar og røvarar som utgav seg for å vere pilegrimar kunne utgjere ein fare for omgivnadane (NgL II, 464, 479; Molland 1968:296-297).

I høgmellomalderen oppstod det difor ein skikk der biskopen eller presten på heimstaden til pilegrimen gav han ei anbefaling – eller eit pilegrimspass – som vitna at han verkeleg var pilegrim. Utanlandske pilegrimar måtte ha med seg skriftleg vitnesbyrd eller anbefalingsbrev frå myndigheiter eller aktverdige menn frå heimstaden sin gjeldande for eit år, elles risikerte dei å bli fengsla eller utvist (Molland 1968:297). Det var dessutan vanleg at pilegrimar fekk med seg pilegrimsmerker frå dei ulike pilegrimsmåla. Plegrimsmerkene var ca. 5-12 cm store, oftast støypt i tinn eller bly, men også bronse og sølv førekom. Dette var masseproduserte relieff som vart utdelt ved valfartsstaden, og dei var eit bevis på at pilegrimen verkeleg hadde vore der (Rydbeck 1968:314). Alle dei viktigaste valfartsmåla produserte slike pilegrimsmerker, oftast med ei avbilding av den helgenen som var knytt til staden. I seinmellomalderen var det også vanleg å ta med heim att ein attest frå kyrkjelege autoritetar ved pilegrimsmålet om at ein hadde besøkt den heilage staden og føreteke botsøvingar (Molland 1968:292-293).

Forutan Nidaros er det funne pilegrimsmerker ved to andre stader langs Kystpilegrimsleia – Bergen og Selja. Pilegrimsmerkene kjem frå ulike pilegrimsmål i Europa, og kan vere eit spor etter utanlandske pilegrimar på veg til Nidaros (Bjelland 2000:32-33).

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten. Les hele rapporten og kildehendvisningene her

Leave a Reply