Organisering

20140704_110923

«Prosjekt Kystpilegrimsleia» er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune, Hordaland Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sør-Trønderlag Fylkeskommune, Stavanger Bispedømme, Bjørgvin Bispedømme, Møre Bispedømme, Nidaros Bispedømme og Riksantikvaren.

 

 

organisasjonProsjekteigar

Formelle prosjekteigarar er Fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trønderlag.

Organisering og styring

«Prosjekt Kystpilgrimsleia» er organisert med ei styringsgruppe, ei prosjektgruppe og ei arbeidsgruppe sjå organisasjonsmodell. Dei ulike aktørane forpliktar seg til å la Kystpilegrimsleia vere eit prioritert prosjekt og satsingsområde i sin organisasjon.

Prosjektansvarleg

Styringsgruppa vel leiar, prosjektansvarleg.

Styringsgruppa

«Prosjekt Kystpilegrimsleia» er organisert med ei styringsgruppe på toppen. Ho består av representantar frå prosjekteigarane og prosjektdeltakarar. Styringsgruppa har som oppgåve å einast om overordna mål, syte for tenleg forankring av prosjektet, og ta avgjersler om store endringar i økonomi, organisering og liknande.

Prosjektleiar

Prosjektleiar har det koordinerande ansvaret for «Prosjekt Kystpilegrimsleia». Prosjektleiarens nærmaste overordna som tilsett er Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Prosjektleiaren rapporterer til Styringsgruppa.

Prosjektgruppe

Under Styringsgruppa fins ei prosjektgruppe som vert leia av Prosjektleiaren. Gruppa er samansett av representantar for prosjekteigarane og ulike aktørar med interesser i «Prosjekt Kystpilegrimsleia» og har som oppgåve å sikre framdrift i prosjektet. I prosjektgruppa er det viktig av representantane for dei ulike aktørane har mandat til å ta avgjersle på vegne av sine organisasjonar.Prosjektgruppa kan supplerast i høve til kva fase prosjektet er inne i. Prosjektleiaren har eit overordna ansvar for å koordinere idear og tiltak i heile «Prosjekt Kystpilegrimsleia» og er difor med i Prosjektgruppa.

Arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa består av 2-3 representantar frå prosjektgruppa og er prosjektleiars nærmaste støtte og rådgjevarar. Prosjektleiaren er med i Arbeidsgruppa. Deltagarane i arbeidsgruppa kan variere etter kva kompetanse ein treng undervegs i prosjektet. Samarbeidspartane plikter å leggje til rette for at deltakarane i Arbeidsgruppa kan delta i aktivitetar og utføre dei oppgåvene som vert avtalt i prosjektet. Alle samarbeidspartnarar skal utnemne vararepresentantar. Arbeidsgruppa vert valt av prosjektgruppa.

Delprosjektgrupper

Delprosjekt grupper har som formål å løyse spesifikke mål innanfor prosjektet. Delprosjekt har ein leiar/prosjekteigar som rådgjer seg med prosjektleiar.  Delprosjekt kan ha ein ekstern prosjekteigar. Prosjektleiaren har eit overordna ansvar for å koordinere idear og tiltak i heile «Prosjekt Kystpilegrimsleia» og kan vere med i Delprosjektgrupper.

Leave a Reply