Moderne pilegrimsferd

2009 Kystleia 200

Motiva for pilegrimsferd har endra seg frå mellomalderen til i dag, og det å bli frisk frå sjukdom og botshandlingar er ikkje lenger sentrale motiv.

Dagens pilegrimsreiser er meir eit utrykk for ein åndeleg søken, der målet ofte er sjølvutvikling. Dagens pilegrimar reiser gjerne for å kunne søkje andre verdiar og auka livskvalitet enn det folk flest finn i ein travel kvardag. Dette gjeld både i åndeleg-, sosial- og kulturell samanheng. Pilegrimsreiser kan slik gi den reisande nye impulsar og opplevingar.

Friluftsliv

Pilegrimsferdene kan likevel seiast å ha ein førebyggande effekt, der friluftsliv og folkehelse står sentralt. Mange av dagens pilegrimar vel den fysiske vandringa til fots, og pilegrimsreiser kan slik vere ein motivasjonsfaktor for å få folk til å komme seg ut og gå. Friluftsliv og naturkontakt utgjer såleis ein heilt sentral del i dagens pilegrimsvandringar. For dagens pilegrimar har difor sjølve reisa fått auka betyding, sjølv om valfartsmålet også framstår som viktig for dei fleste.

Friluftsliv og naturkontakt utgjer såleis ein heilt sentral del i dagens pilegrimsvandringar

Naturforståing

Valfartsmålet blir i dag gjerne oppfatta som ein stad som er lada med fortid og tradisjon, kontinuitet og samanheng. For den moderne pilegrimen har nærleik til naturen og naturkontakt fått ein stadig meir sentral plass, også som begrunnelse og motivasjon for å føreta ei pilegrimsreise. Pilegrimsferd er for mange blitt eit viktig element i søken etter ei djupare naturforståing og engasjement for naturen.

Eit knippe motivasjonar

Pilegrimsferd på havet gir kanskje ei særskilt form for nærleik til naturen og naturkreftene. Den åndelege og religiøse dimensjonen er likevel ikkje den einaste motivasjonsfaktoren for å få folk til å delta på pilegrimsreiser. Det kulturhistoriske aspektet og fokus på kysten si historie gjennom fleire tusen år vil for mange vere like viktig. Kystpilegrimsleia representerer ei historisk reiserute der unike kulturminne og kulturmiljø er med på å gi den reisande innblikk i dette. Reisa vil fremme kunnskap om historie og kulturminne langs det som tidlegare var Noregs hovudfartsåre – kystleia.

2009 Kystleia 281

Utsikt mot Vannylvsgapet fra Dragseidet på Stadt.

 


 

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten og omarbeide for nettbruk. Les hele rapporten og kildehendvisingane her