Med bein, årar, hjul og mere til

20140724_221259

Når leia står opna i 2017 vil det være mange moglegheiter til korleis ein tar seg fram på Kystpilegrimsleia. 1400 kilometer er ein lang tur og vi tenke at det er naturlig for dei fleste å dele opp turen. Den store avstanden saman med den varierte naturen gjer likevel at det kan være bra for kropp og natur at man reiser på forskjellige vis. Nokon etappe vil det verte nyttig å gå, andre kan syklast, fjordar som kutter landet i to må kryssast med båt, man kan ro, padle og bruke småbåt der det ligg til rette for det.

Det vil vere mulig å reise både med eigen båt langs kystleia og med kollektivtransport. Med eigen båt er det lett å ta seg fram. Då kan ein sjølv legge opp turen og velje kvar ein vil stoppe og kor lenge ein vil vere på dei ulike stadene. Sannsynlegvis vil dei fleste som tek hele turen langs Kystpilegrimsleia og nytte kollektivtransport. Dette er også eit alternativ til dei som ikke er gode til beins. Det går rutebåtar langs kysten, og ein vil med desse kunne nå mange av stadene som inngår i Kystpilegrimsleia. Enkelte av heilagstadene/kulturminna, overnattingsstadene og serveringsstader ligg ikkje ved anløpsplassane til rutebåtane, og desse kan det vere lettare å nå med buss og ferje. På strekninga mellom Rogaland og Nidaros vil det såleis vere naturleg å kombinere båt og buss – dersom ein reiser kollektivt. På denne måten vil ein nå dei aller fleste stadene langs leia ved bruk av kollektivtransport. Ei reise langs Kystpilegrimsleia er slik godt eigna også for folk som ikkje kan eller ønskjer å gå så langt.

20140725_132902Langs heile strekninga som Kystpilegrimsleia utgjer – Rogaland til Sør-Trøndelag – finn vi kystlaga, som utgjer ryggraden i Forbundet Kysten. Kystlaga har tradisjonsbåtar – opne båtar, dekka seglfartøy og større lokalbåtar – og driv aktivitetar i forhold til desse. Dei driv m.a. med leirskular for barn og ungdom, turar til andre kystlag eller besøker kulturminne både i og utanfor Norge. Fokus er bevaring av kystkulturen. Vern gjennom bruk står sentralt, og båtar kan t.d. lånast eller leigast ut. Langs Vestlandskysten er det fleire som i dag livnærer seg av både skyssbåtdrift og turisme. Det er mulig for reisande å leige eigne båtar for korte turar eller ein leiger båt med førar som tek turistar til ønska reisemål langs kysten.


Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten og omarbeide for nettbruk. Les hele rapporten og kildehendvisingane her