Kystkultur for alle penga

enigeden

Noreg er ein kystnasjon, og store delar av befolkninga har gjennom historia hatt inntektsgrunnlaget sitt frå sjøen og kysten. Langs kysten står det fortsatt fleire kulturminne som vitnar om denne aktiviteten, slik som naust, sjøhus, fyrstasjonar, bryggeanlegg og fartøy. I mange tilfelle er desse bygningane ikkje lenger i bruk. Det er difor viktig å finne ny bruk slik at bygningar og anlegg ikkje forfell. Her kan Kystpilegrimsleia vere med å opne for nye muligheiter.

 

Overnattingsstader og matservering langs seglingsleia20140613_140956

På slutten av 1200-talet var det bestemt at det skulle etablerast gjestgiveri for kvar heile eller halve dagsreise. Gjennomsnittsfarten for eit fartøy var ved roing ca. 3 knop, og ein ville då kunne nå ca. 36 nautiske mil på ein dag. Ved segling kom ein lenger, ca. 72 nautiske mil på ein dag, men sjølvsagt avhengig av vær- og straumforhold. Langs kystleia låg difor gode og trygge hamner og mulige overnattingsstader for pilegrimar og andre reisande tett i tett. I dag finst det fleire overnattingsstader og stader som serverer mat som vil utgjere viktige element i ei reiselivssatsing rundt Kystpilegrimsleia. Ein del av desse stadene har lange røter som hamner og overnattingsplassar, og enkelte område kan truleg gå tilbake til mellomalderen. I forprosjektet blir berre nokre få overnattingsstader trekt fram, og ei vidare og meir systematisk kartlegging, involvering og utvikling av overnattingsstader langs leia vil utgjere ein viktig del i hovudprosjektet.

Nytt liv til gamle byggverk

I mange tilfelle er den opphavlege bruken av kulturminna langs kysten vekke, og fleire stader står naust, sjøhus, fyrstasjonar og bryggeanlegg til forfall. Ei reiselivssatsing rundt Kystpilegrimsleia kan vere med på å finne ein ny bruk til desse kulturminna. Bygningane utgjer eit viktige element i reiselivssatsinga – då det er behov for etablering og utvikling av både overnattingsstader og matservering. Det er eit mål at gamle og falleferdige bygningar og anlegg langs kysten blir restaurert og sett i stand og tekne i bruk i reiselivssamanheng. På denne måten vil dei kunne takast vare på gjennom ein ny bruk.
Fleire av dei gamle fyrstasjonane og handelstadane og gjestgiveria langs kysten er allereie teke i bruk i reiselivssamanheng, og vil utgjere viktige aktørar og samarbeidspartnarar i samband med Kystpilegrimsleia. Det vil vere viktig å tenke kvalitet – og aktørar som er linka opp mot Kystpilegrimsleia bør ha fokus på t.d. vertskapsrolla. Det bør også vere ulike krav til sjølvbetjente og betjente stader, og dette er aspekt ein diskuterar i priosjektet, involvering og utvikling av slike stader utgjer sentrale element.

Lokal mat og tradisjonsmat frå kysten

SauerMat og overnattingsmuligheiter utgjer heilt sentrale element i ei reiselivssatsing, og gode tilbod til dei reisande er heilt nødvendig for å få folk til å komme. Fleire stader langs leia er det muligheiter for å satse på kortreist mat til dei reisande der lokale leverandørar blir involvert. Det er viktig å ha tilgang til kortreiste råvarer, og det bør stimulerast til auka vekst hos lokale produsentar. Det er eit mål å ta i bruk ressursar frå landbruket over heile landet og å legge til rette for konkurransedyktige verdikjeder. Gjennom innovasjon og omstilling er det mulig å auke verdiskaping basert på landbrukets ressursar og ny kunnskap. Her kan med andre ord turistnæringa spele ei viktig rolle. Innovasjon og nytenking er viktig, og mat med særpreg frå dei ulike distrikta vil kunne utgjere eit flott innslag i reiselivssamanheng. Lokalproduserte produkt kan nå fram til forbrukarane gjennom serveringsstader, butikkar og overnattingsstader.


 

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten og omarbeide for nettbruk. Les hele rapporten og kildehendvisingane her