Kultur som grunnlag for verdiskaping på kysten

Langevåg

Kulturminne og kulturmiljø representerer ikkje-fornybare ressursar. Så lenge dei blir brukt og forvalta på ein måte som tek vare på dei bærande kulturhistoriske verdiane har dei betyding.

Dei er med på å gi menneska forankring i tilværet, og dei er ein felles kunnskaps- og erfaringsbank. Kulturminne og kulturmiljø representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar – og dei kan vere ein ressurs for ei gi utvikling av både lokalsamfunn og næringsliv Kystpilegrimsleia og dei ulike lokalitetane her kan såleis bidra til auka verdiskaping og regional utvikling.

2009 Kystleia 125

Gamle Moster Kirke, Bømlo, Hordaland

Omgrepet verdiskaping rettar seg mot både økonomiske og ikkje økonomiske tilhøve. Verdiskaping i ei allmenn betyding uttrykker at noko er verdifullt, men som ikkje i utgangspunktet er knytt til pengeverdiar. Det kan her vere snakk om tradisjonar, historisk verdi, verdi for identitetsskaping, pedagogisk verdi, kunnskapsverdi og opplevingsverdi for å nemne nokre. Dette er alle heilt sentrale verdiar for heilagstadene og kulturminna i Kystpilegrimsleia. Verdiane under denne omgrepsforståinga kan i sin tur danne grunnlag for økonomisk verdiskaping.

For kulturminne og kulturmiljø dreier det seg her om både direkte og indirekte verdiskaping. Den direkte økonomiske verdiskapinga er knytt til dei enkelte kulturminna/miljøet. Dette er inntekter frå varer og tenester som blir selt til andre enn lokalbefolkninga, og som gir ei direkte sysselsettings- og verdiskapingseffekt i lokalsamfunnet. Det kan her vere snakk om hotell, serveringsstader og andre bedrifter der turistar brukar pengar. Samtidig utgjer verdiskapinga også meir indirekte økonomiske ringverknader gjennom for eksempel produksjon av andre varer og tenester, først og fremst av lokale underleveransar til den ”direkte” produksjonen av varer og tenester.

Kystpilegrimsleia gir grunnlag for opplevingar, kunnskap og verdiskaping, og kan slik utgjere ein viktig ressurs i lokalsamfunna og næringsliv.

Kystpilegrimsleia er ment å gje  grunnlag for opplevingar, kunnskap og verdiskaping, og kan slik utgjere ein viktig ressurs i lokalsamfunna og næringsliv. Både kulturminneverdiane og åndelege verdiar i dei ulike kulturmiljøa langs leia har potensiale for å skape nye verksemder. Stadene langs Kystpilegrimsleia kan slik verke som positiv lokaliseringsfaktor for nyetableringar. Kystpilegrimsleia er såleis ein ressurs med stort potensiale for framtidsretta næringsutvikling, og leia kan slik fungere som eit fyrtårn for kommunane og regionen. Det er difor viktig med ein lokal bevisstgjeringsprosess omkring kva muligheiter og verdiar som ligg i dei ulike kulturminna. Dette er nødvendig for at dei historiske heilagstadene og kulturminne/kulturmiljø blir teke i bruk i utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv, samtidig som ein skaper eit attraktivt lokalsamfunn for både fastbuande og tilreisande.

Det må altså vere eit samspel mellom kulturelle og økonomiske verdiar. Den økonomiske verdiskapinga heng slik saman med nyskaping og verdiskaping på andre område. Det er difor viktig å fokusere på ei brei verdiskaping, der miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar blir vektlagt. Dette er nødvendig for å fremme ei bærekraftig, og det er eit viktig fokus i prosjektet.

Historisk vandring på Kinn, Flora, Sogn og Fjordane

Historisk vandring på Kinn, Flora, Sogn og Fjordane

Trendane i reiselivet viser auka etterspurnad etter temareiser, natur- og kulturbaserte tilbod.

Reiselivet er ein av verdas raskast voksande næringar. Ved å fokusere på tilrettelegging av både kulturminne og kulturmiljø samt overnattingsstader og transport vil ein kunne auke næringsutvikling knytt til pilegrimsaktivitet og turismen langs kysten. Trendane i reiselivet viser auka etterspurnad etter temareiser, natur- og kulturbaserte tilbod. Det er eit sentralt mål at Kystpilegrimsleia skal inngå i reiselivssatsinga, samstundes som ein får dokumentert, tilrettelagt, bevart og vedlikehalde ei kulturhistorisk reiserute av nasjonal verdi. For å kunne oppnå dette er det viktig med ei styrking av lokal identitet, stadtilhøyrigheit og stoltheit, og bruk av lokale krefter i formidlinga av dei ulike kulturminna og heilagstadene. Det er difor nødvendig å auke den lokale bevisstheita og engasjementet rundt Kystpilegrimsleia. Kulturarven er viktig for verdiskapinga i samfunnet.

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten og omarbeide for nettbruk. Les hele rapporten og kildehendvisingane her