Kultur og reiseliv

2009 Kystleia 041
At kulturarva er viktig for verdiskapinga i samfunnet er det få som stillar spørsmål ved. Men blir det penger av det?

Kulturarva er viktig for verdiskapinga i samfunnet. Kulturminner og kulturmiljø skal takast vare på som bruksressursar, og vere grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping.

Det kan vere lønsamt for lokalsamfunnet å satse på kulturminne. Tal frå EU og EØS-landa viser at for kvar krone det offentlege investerer i vedlikehald og rehabilitering av kulturminne og kulturhistoriske verdifulle miljø, kjem 10 kroner tilbake til samfunnet. For kvar krone ein gjest brukar på eit kulturminne blir det brukt nesten 10 kroner på varer og tenester i lokalsamfunnet rundt.

«for kvar krone det offentlege investerer i vedlikehald og rehabilitering av kulturminne og kulturhistoriske verdifulle miljø, kjem 10 kroner tilbake til samfunnet»

Reiselivsnæringa er i internasjonal vekst, og har eit stort potensiale for auka verdiskaping her til lands – særleg i distrikta. Regjeringa har difor valt å satse særskilt på reiselivsnæringa, og vil føre ein særleg aktiv næringspolitikk ovanfor reiselivsnæringa. For å få til ei vellukka reiselivssatsing er det m.a. viktig at dei mange forskjellige produkta – attraksjonar, transportmuligheiter, overnatting og mat – blir sett saman til ei heilskapleg oppleving. Regjeringa trekk fram nødvendigheita av samarbeid om heilskaplege opplevingsprodukt som inkluderer kultur, mat, historie, natur og aktivitetar – i tillegg til transport og . Dette er alle aspekt som vil stå heilt sentralt i Kystpilegrimsleia – der hovudfokuset nettopp vil vere utvikle heilskaplege og unike reiselivsprodukt. Reisemålsutvikling vil såleis utgjere eit viktig arbeid. Her kan Innovasjon Norge bidra med kunnskap og hjelp m.a. overfor både destinasjonsselskap, reiselivsaktørar og kommunar. Innovasjon Norge har m.a. utarbeida ei kvitebok for å hjelpe reisemåla med langsiktige og heilskaplege strategiar Sterk og auka konkurranse pregar dagens internasjonale reiselivsmarknad. Dette gjer det særs viktig for den norske reiselivnæringa å spisse marknadsbodskapen.

20140603_162338

Trappa opp til Sunnivahola på Selja. Sogn og Fjordane

Det er i stor grad den særeigne naturen langs kysten som i hovudsak trekker besøkande hit. Det er også eit stadig sterkare ønske hos reisande om å kombinere natur- og kulturopplevingar. Reisande etterspør opplevingar som er ekte og unike. Kystpilegrimsleia byr på dette og er ei reise som kombinerer aktivitet med kultur- og naturopplevingar. Temareiser utgjer også eit stadig større satsingsfelt innan reiselivet. Tematuristar vil ha fysisk aktivitetar i naturgitte omgjevnadar der ein samtidig får med seg kulturelle opplevingar. Kystpilegrimsleia innehar slik dei eigenskapane som skal til for å til for å kunne inngå i temareiser. Her er det eit stort potensiale for opplevingar og aktivitetar som omfattar både natur, kultur og fysiske aktivitetar både til vann og til lands. Leia og kulturminna/kulturmiljøa her representerer mangfald og breidde.

Åheim gamle kyrkje, Vanylven, Møre og Romsdal

Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet, Kulturdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har fastsett ein felles statleg strategi for pilegrimssatsing. Det overordna målet er at pilegrimsleia skal gjere det mulig å vandre gjennom eit landskap som er rikt på natur, kulturarv og kulturopplevingar. Pilegrimssatsinga kan også omfatte fornying av andre leier og pilegrimstradisjonar som er under utvikling. Det er dermed viktig å få auka fokus på pilegrimstradisjonane langs kysten – og slik løfte kystdimensjonen i den nasjonale pilegrimssatsinga.

Kystpilegrimsleia vil gi den reisande heilt andre opplevingar – både når det gjeld natur- og kulturlandskap – enn det ein får gjennom pilegrimsrutene i innlandet. Dette gjer at vi også kan få fokus på andre sider ved vår kulturhistorie og andre kulturminne enn det ein har i innlandet.

Kystlandskapet er variert og mangfaldig – frå holmar og skjær ut mot havet til skjermande fjordar og høge fjell lenger inne. Ein vil her også møte andre heilagstader og dermed også nye sider ved pilegrimshistoria enn det ein får gjennom dei allereie etablerte pilegrimsrutene i innlandet. Natur- og kulturlandskapet langs kysten vil by på nye og heilt andre opplevingar – både når det gjeld pilegrimserfaringar, kulturhistorie og natur og friluftsliv. Leia representerer eit tematisk reiselivsprodukt med pilegrimsvandring, kristendom, kyrkjehistorie og kulturhistorie som tema – i eit område som samtidig vil gi fantastiske og varierte naturopplevingar. Muligheitene for verdiskaping rundt kystleia er slik mange og varierte, og det er svært gode muligheiter for å utvikle gode og varierte reiselivsprodukt som kan tilpassast ulike typar menneske og målgruppe. Kystpilegrimsleia vil vere spennande både for små og store, for pilegrimar, tematuristar, skuleklassar eller andre som ønskjer å sjå og oppleve kysten og kysthistoria vår på ein ny måte.

Gjennom tid og sted. Frå menneske til menneske.

Opplev kysten på ein heilt ny måte.

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten og omarbeida for nettbruk. Les hele rapporten og kildehendvisingane her