Kristendom og kongemakt i mellomaldaren

20140703_173200

Då Olav Haraldsson fall på Stiklestad i 1030 var kristendommen ein ny religion i landet. Kyrkja var ein del av ein overnasjonal institusjon, og med kristninga vart Noreg for alvor ein del av det europeiske fellesskapet.

Religionsskiftet kom seint i Norden i forhold til på kontinentet og Dei britiske øyene. I fleire hundre år før kyrkja sine menn gjorde sitt inntog i landet hadde likevel folk i Noreg kjent til den kristne trua. Gjennom reiser, handels- og plyndringsferder til kristne område både på Dei britiske øyene og på kontinentet vart dei kjent med den kristne trua, skikkar og ritual. Kristningsprosessen var slik ein langvarig prosess, og mange hevdar at den eldste kristne innflytelsen i Skandinavia går tilbake til 500-talet. Men sjølve konversjonen – altså overgangen til kristendommen – starta seinast på midten av 900-talet og varte til slutten av 1000-talet (Skre 2004:236).

I løpet av vikingtida føregjekk det slik ein djuptgåande endring i religionsforholda i dei nordiske landa. Innføringa av kristendommen som offisiell religion heng likevel saman med ei ny og ærgjerrig kongemakt som etablerte seg i sein vikingtid (Steinsland 2005:421). Religionsskiftet bør difor knytast meir til politiske og sosiale årsaker enn til den kulturelle påverknaden som hadde funne stad i fleire hundre år (Skre 2004:236).
Heidendomen var djupt vevd inn i heile det førkristne samfunnet, og det var truleg ikkje ein lett sak å skifte religion, korkje for enkeltmenneske eller for samfunnet som heile. Vikingtidas menneske oppfatta ikkje gudstru og riter som eit avgrensa fenomen i kulturen, og dei hadde ikkje eit eige ord for religion. I staden for snakka dei om siðr – sed eller skikk. Ved innføringa av kristendommen var det difor ikkje berre gudstrua som endra karakter – men heile samfunnet – med ei nedbryting av rotfesta kulturmønster (Steinsland 2005:423). Ein polyteistisk religion med fleire gudar og makter vart erstatta av trua på ein Gud. Ein etnisk religion utan presteskap og kultbygningar vart erstatta av ein universell frelsesreligion med eit mangfald av prestar og gudshus.

Religionsskiftet innebar både eit ideologiskifte og ei mentalitetsendring – nye normer og levereglar og eit nytt verdsbilete. Kristendommen innebar ein ny orden. Perioden rundt 1000-talet var såleis ein epoke med store og dramatiske endringar på alle plan.

De tre kristningskongane

Overgangen til kristendommen kan vanskeleg forklarast utan kongemakta si medverknad, og religionsskiftet var først og fremst resultat av endra politiske forhold. Kongane var ein viktig årsak til at kyrkja og den kristne trua fekk fotfeste i Noreg, og innføringa av kristendommen gjekk hand i hand med konsolideringa av kongemakta og samlinga av Noreg (Steinsland 1990:128). Motstanden mot kristninga var slik også ein politisk motstand mot kongemakta. I sagatradisjonen sin historie om religionsskiftet i Noreg står tre kristningskongar sentralt; Håkon den gode Adelsteinsfostre, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson.

Håkon Adelsteinsfostre var konge i Noreg ca. 931-961 (Skre 2004:239), og blir gjerne rekna som den første kristningskongen. Han var Harald Hårfagre sin son og var fostra opp ved hoffet i England. Han kom til Noreg i 930-40- åra med prestar i følgjet sitt. Han hadde då god kunnskap om den angelsaksiske kyrkja si tru og misjonsinnstilling. Håkon og følgjet hans oppsøkte stormenn og høvdingar og forsøkte å få dei til å la seg døype og til å bygge kyrkjer. Men Håkon hadde ikkje tilstrekkeleg politisk styrke til å innføre kristendommen som allmenn religion i landet (Skre 2004:239). Kristningsforsøket hans stoppa på Mære i Trøndelag, der han måtte gi etter for bøndene som kravde å fortsatt få dyrke dei heidenske gudane sine (Sigurðsson 1999:92). På dødsleiet valgte kong Håkon sjølv å bli gravlagt som ein heidensk mann.

Den andre kristningskongen, Olav Tryggvasson (995-1000), kom heim til Noreg i 995 etter fleire år i viking. I følgje sagatradisjonen steig han i land på Moster på Bømlo og grunnla kyrkje der. Han var blitt døypt i England, og på same måte som Håkon hadde også Olav Tryggvason prestar med seg til Noreg. Han begynte ein systematisk og hardhendt kristningsprosess. Sannsynlegvis var den rikdommen Olav skaffa seg som vikinghøvding viktig då han gjekk inn for å etablere seg som konge i Noreg. Olav si regjeringstid varte berre i 5 år (Solberg 2000:307-308). Han forsvann sporlaust under slaget ved Svolder i år 1000 (Steinsland 2005:428).

 

Politisk kristening

Den neste avgjerande hendinga i kristningsporssessen skjedde gjennom Olav Haraldsson (1015-1028) sitt kristningsforsøk i 1020. Olav Haraldsson hadde også reist i viking i mange år, både i England, Spania og Frankrike. I 1013 skal Olav ha slutta seg til den engelske kong Ethelred, som hadde flykta til Frankrike etter eit angrep i England leia av kong Svein Tjugeskjegg. Olav skal ha blitt døypt i Rouen. Han reiste tilbake til England med kong Ethelred, og her samla han i 1015 ein flokk utvalte menn og sette kursen mot Noreg. Han hadde ingen stor hær med seg då han kom – berre to skip. Men med alt sølvet han hadde vunne som vikinghøvding var det lett både å verve folk og å skaffe seg støtte frå høvdingar rundt i landet. Som Olav Tryggvasson hadde gjort før han, heldt han til i Nidaros og var sentral i utviklinga av kaupangen der – som var viktig både for kongemakta og innføringa av kristendommen i Inntrøndelag. Olav prøvde likevel å få eit reelt herredøme over det meste av Noreg (Solberg 2000:308-309).

I Gulatingslova og Frostatingslova sine kristendomsbolkar er det skrive ned fleire bestemmelsar som skal ha blitt forhandla fram på eit tingmøte på Moster mellom kong Olav sin hirdbiskop Grimkjell og tingmennene. Dette møtet vart truleg av samtida sett som kristendommen sitt definitive gjennombrot. Ein runestein på øya Kuli nord for Kristiansund har runeinnskrifta: Tore og Hallvard reiste denne steinen etter (Ulvjlot) Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg…. (Andersen 1977:125-127 ).Arkeologiske undersøkingar har avdekka treverk frå ei bru, og steinen kan ha blitt reist då brua vart bygd, noko som var vanleg. Treverk frå brua er datert til 1034, og det stemmer godt med sagatradisjonen – at Mostertinget fann stad tidleg i 1020-åra. Dette var eit kyrkjemøte der Olav Haraldsson samla den politiske og kyrkjelege makta i landet for å vedta grunnleggande prinsipp i den norske lovgjevinga. Målet var å få utarbeida ein felles mal for den såkalla kristenretten, som skulle leggast fram for dei enkelte lagtinga til godkjenning. Innskrifta på Kuli-steinen tyder på at skifte av religion vart oppfatta som ei skjelsettande hending som danna utgangspunktet for ei ny tidsmarkering (Steinsland 2005:423).

Olav Haraldsson bidrog ikkje berre til å innføre kristendommen, men også til å bygge opp ein riksomfattande kyrkjeleg organisasjon i landet med kyrkjer og prestar (Andersen 1977:135; Skre 2004:242). Men i 1026 endra maktforholda seg, og Olav var på vikande front. Bondesamfunnet i Trøndelag var fiendtleg innstilt mot han. Kongen sine tidlegare støttespelarar, som Erling Skjalgsson og Hårek på Tjøtta, braut med han. Det gjorde også fleire av stormennene som tidlegare hadde vore viktige for kongen sin lokale maktposisjon ulike stader i landet.

I 1030 prøvde Olav å gjenvinne riket sitt, og på seinsommaren 1030 marsjerte han inn i Trøndelag med ein liten hær. Han fekk banesåret sitt i slaget på Stiklestad (Solberg 2000:310-311), men då var truleg kristninga av den norske befolkninga i stor grad gjennomført (Skre 2004:242).

Rex Perpetuus Norvegiae

Paradoksalt nok kanskje, var det kongen sin død som brakte kristendommen fram til endeleg seier i landet. Eit år etter sin død vart Olav gjort til helgen og martyr for riket, og ingen kjelder vitnar om organisert mostand mot kristendommen etter dette (Sigurðsson 1999:104; Steinsland 2005:450). I Soga om Olav den heilage skildrar Snorre Sturlasson skrinlegginga slik

«Tolv månadar og fem netter etter kong Olav døydde, vart dei heilage leivningane hans tekne opp, og då var kista til kong Olav mest kommen opp or jorda att, og kista var liksom ny, nett som ho var nyhøvla. Grimkjell biskop kom til då dei let opp kista til kong Olav, og då stod det ein yndeleg ange av ho. Da nækte bispen andletet til kongen, og han var ikkje det minste annleis i åsynet, og han var så raudlett i kinna som han nyleg hadde sovna. Dei som hadde sett kong Olav då han fall, kunne godt sjå kor mykje håret og neglene hadde vakse sidan, mest likså mykje som dei ville ha gjort om han hadde vore i live her i verda heile tida sidan han fall»  Soga om Olav den heilage: 267

Olav vart svært populær hos folk flest, og skrinet hans i Nidaros vart eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i Nord-Europa gjennom heile mellomalderen. Folk valfarta til grava hans – både frå Noreg og andre land, og Olav vart i løpet av kort tid heile Noregs, Nordens og også Europas helgenkonge. Pilegrimar søkte bot og helbrede ved Heilag-Olav sitt skrin i Nidaros. Etter at Kristkyrkja – Nidarosdomen – stod ferdig ca. 1320, vart Olavsskrinet oppbevara her. Dødsdagen hans, 29. juli vart feira av kyrkja som Olavsvaka, seinare olsok (Steinsland 2005:429). Olav vart rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Han vart midtpunktet i ein kult som spreidde seg langt utanfor landets grenser.

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten. Les hele rapporten og kildehendvisningene her

Leave a Reply