Kartlegging av kystleia

20140726_201907

Ferdsel på sjøen set ikkje spor slik han gjer på land, og det kan difor vere vanskeleg å finne kjelder som gir nøyaktig informasjon om mellomalderens seglingsmønster.

Spora etter dei reisande til sjøs – både pilegrimar og andre – finn ein difor stort sett på land; hamnene og kulturminna langs leia. Kart-page1Gravhaugar og røyser frå forhistorisk tid er gjerne konsentrert rundt viktige hamner og langs dei sentrale leiene, og vitnar om ein fleire tusen år lang bruk av kysten og kystleia. Motiva for reisa ville i stor grad vere med på å bestemme reiseruta. Kulturminna og heilagstadene som er kartlagt langs kysten og som vi veit vart nytta av pilegrimane vil difor også gi oss innblikk i kvar Kystpilegrimsleia i mellomalderen gjekk.

Utgangspunktet for oppmerkinga av Kystpilegrimsleia i forprosjektet er ei kartlegging av kystleia – allmannaleia – ble utført av arkeologen Bjørn Ringstad. I arbeidet for å kartlegge kystleia har Ringstad tatt utgangspunktet i sagaenes fortellingar, losbøker og munnlege opplysningar frå statslosar. Det var den indre leia som utgjorde allmannaleia eller tjodaleia. Folk reiste innaskjers i rolegare farvatn der dette var mulig. Utleia vart berre nytta ved heilt spesielle tilfelle.

Folk reiste innaskjers i rolegare farvatn der dette var mulig.

Utleia vart berre nytta ved heilt spesielle tilfelle.

For enkelte strekningar finst det fleire seglingsalternativ, nokre av desse er avmerkt på kartet. I tilknyting til ferdsla langs kysten kan det òg ha vore vanleg å nytte seg av eida, noko fleire stadnamn vitnar om, t.d. Dragseidet på Stadtlandet. Dette er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. Fartøy vart trekt over eidet for å sleppe å segle det vêrharde og farlege havstykket utanfor. Framleis kan ein sjå spor etter dei gamle slepa. Sagaene nemner likevel ikkje at båtar og skip vart trekt over eida. Her kjem det i staden fram at skipa kunne ligge i vekevis og vente på bør. Dette kan tyde på at eida stort sett vart nytta i den lokale samferdsla.

Bergens Sjøfartsmuseum har fleire gamle kart frå 1600-1700-talet som det også kan vere nyttig å vurdere i forhold til oppmerkinga av Kystpilegrimsleia. Eit nyoppdaga kart frå 1700-talet har dessutan ein ledestrek innteikna. Dette er kart det er interessant å studere  nærare – også i forhold til kulturminne og hamner langs leia. På denne måten kan det vere mulig å komme endå nærare seglingsmønsteret både i forhistorisk tid og i mellomalderen. Her vil det også vere viktig å få med sentrale landetappar.

20140511_140958

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten og omarbeida for nettbruk. Les hele rapporten og kildehendvisingane her