Hausten er her

20141001_092303

Kva skjer i Kystpilegrimsleia no?

I skrivande stund er det nesten seks månader sida hovudprosjektet kom i gang. Prosjektleiaren kasta seg i gang med arbeidet om å arrangere markering-seilasen som skulle være startskotet for å knytte kysten saman. «Sjølv den lengste reise startar med eit skritt» var tema for sommarens reise. Kystfolk og innlandsfolk stimla til kysten og ble med på den unike seilasen som besøkte tretten viktige kulturhistoriske stader mellom Stavanger og Trondheim.

Hovudmarkeringa fant stad på Selja i Sogn og Fjordane og riksantikvaren Jørn Holme var tilstades på Selja og i Trondheim. Etter seks dagar med tritt program stod det nesten hundre kystpilegrimar på kaia i Trondheim og kjente på kor nær de var målet; Nidarosdomen. Bare minnet av dette augeblikket gjer meg gåsehud. Etter vi alle fikk vårt pilegrimsbevis på Pilegrimsgarden bar det vidare til Nidarosdomen og Olavsvake, før vi gikk kvar til vårt og ein anna form for stillheit senka seg.

 

«Sjølv den lengste reisa startar med eit skritt»

Men kva skjer no?

 

Vintermørket gulpar stadig i seg ein større porsjon av dagslyset og inne på Kystpilegrimsleias kontor i Førde arbeidas det for fulle segl. No er arbeidet for å forme strategien for den framtidige utviklinga av Kystpilgrimsleia i full gang og vi vonar å ha denne klar før julefreden senker seg. Bølgjene vi skapte med MS Nordstjernen i sommar brer seg fortsatt utover kysten vår og arbeidet på lokalt nivå er i ferd med å starte for fullt.

Ein viktig del av arbeide vidare er å knyte oss til alle dei gode organisasjonane som har arbeida med legnande problemstillingar langs kysten i lang tid. Vi hentar verdifulle erfaringar i frå dei som har arbeida med dette i årevis og vi drar nytte av kvarandre. Her finnast det alt i frå enkelt menneske til organisasjonar som bidrar med viktig kunnskap og perspektiv.

Kart-page1

Den historiske indreleia

Kjennskapen om oss må også ut av landet. Sjølv om vi ikkje er kommen dit at vi kan jobbe med internasjonal marknadsføring enno, så arbeidast det med å få opp informasjon på engelsk og tysk på her på heimesida. Kva hadde vi gjort utan engasjerte frivillige?

Her på kontoret blir vi ofte kontakta av folk med gode idear. Ofte er det idear om korleis man kan bruke leia til fremming av gode matopplevingar, festlige attraksjonar og kuriositetar langs kysten, kunstprosjekter og naturligvis engasjerte båtfolk og vandrarar. Når vi kan så set vi dei i kontakt med dei rette instansanse for å realisere sine idear. Vi har også fleire studentar rundt i landet som skriv bachelor og masteroppgåver knyta til Kystpilegrimsleia og aktivitet langs kysten.

Så  utrolig inspirerande det er å jobbe med eit landskap og ein tematikk som gjer folk så engasjert. Nettopp dette engasjementet skal være ledetråden i prosjektet.  Det bringar inn ein naturlig autentisitet og holdar alle partar aktive sjølv om hausten er kommen med skodde og gustne morgonar og draumen om sommarens varme tek til å virke fjern.

Har du noe på hjartet så er det bare å ta kontakt. Vi svarar snarast råd.

 

Hilsen Anette Christiansen

 

 

Kystpilegrimsleias haustkalender:
20 aug Hordaland fylkeskommune Innspillskonferanse for Kulturstrategi Bergen
11-12 sept Oppland Fylkeskommunes Pilegrimsseminar, Dale- Gudbrands Gard, Sør-Fron
16 sept Innovasjon Norge Madrid Madrid
17-20 sept UNWTO International Conference on Tourism and Pilgrimages Santiago de Compostela
21 sept Presentasjon med fokus på FoU. Markedshøyskolen Oslo
22-26  sept Universal Utforming i reiseliv og kulturminne Sogn
9-10 okt Prosjektmøte Utstein Pilgrimsgård Stavanger
30-31 okt Konferanse “Gull, gråstein og ruinar: korleis skape verdiar av å oppleve natur og kultur” Sogndal
5 nov Fellesmøte Vestlandets Verdiskaping prosjekt Bergen
6 nov Trender i Reiselivet Sogndal
10-14 nov More og Romsdal FK og Møre bispedømme Molde
20-21 nov Riksantikvaren samling Oslo
23-26 nov Adventure Tourism Conference Sogndal
9 des Fagdag Kultur og Naturreiser Oslo