Fra vinter til vår mellom holmer og skjær

20141222_113849

Det er andre dag på rad med blå himmel her på kontoret i Førde, og slik gjer at man begynner å føle på at våren kanskje snart er i emning.

Snapchat-5015192975070489981

Vintermånadene har ligge tungt over landet vårt og naturen har verkeleg vist kva han har å by på i det siste. Nina røska med seg naust og sjøbygg i sør og lyn og torden har vist seg frå merkelige side over heile kysten. På Svalbard rapporterast det om rekordvarme og med blåskjel- og makrellkoloniar. Naturen er i endring.

Minusgradane kjennes som har begynt å miste fotfeste så vidt og mange har allereie begynt å gjere seg tankar om korleis dei skal bruke feriedagane sine. Den nye kronekursen og oljesituasjonen har gjort at for mange blir det Norgesferie i år, det ikkje lenger like billig å vere Nordmann i utlandet. Og det er ikkje det verste det. Med allemannsretten og verden vakraste natur er det duka for ein god sesong for kyst og fjordnorge.

Med ny kronekurs blir det og billigare for andre å komme til Norge og det er med god grunn optimisme å spore blant overnattingsstader og reiselivsbedrifter.

20141222_112535

Vi ser og allereie no at pilegrimsaktivitetane langs kysten får ein skikkelig oppsving. Pilegrimsfelleskapet St. Jakob planleggjar ein flott tur med Mathilde frå Stavanger til Trondheim til Olsok. Frå Giske kjem det ein pilegrimsdelegasjon langs sunnmørskysten til Seljemannamesse. Bjørgvin Bispedømme feirar skaparverkets dag med Pilegrimskonferanse på Selje den 5-7 juni. Selje er stadig i stadt-vinden og allereie den 4 februar er ein rekke viktige gjester invitert til å arbeide med stiftinga av «Sankta Sunniva, Selja og Stadt». Klimapilegrim, arbeider med å få til ei pilegrimsferd frå Stavanger til Trondheim for å sette søkelyset på behovet for en internasjonal og retteferdig klimaavtale, og det blir spennande å sjå kva stopp som blir på deira rute. Den etablerte vandringa over Jærkysten tar til frå 26-30 juli og går frå Egersund til Stavanger Domkyrkje. Mange har merka seg denne aukinga og prosjekt som «Ny næring i gamle bygg i strandsona» kriblar etter å ruste opp og ta i mot vandrande og padlande pilegrimar. Iherdige bodøværingar arbeider med å få igang ein tur med MK Faxen fra Stavanger til Trondheim og. Vi kjem med meir informasjon om dette seinare.

Friluftsåret 2015 er i gang og ordførarar landet rundt har allereie sove ei natt i friluft for å markere dette. Mange av dei frå kystkommunane våre!

20141222_112539

Så kva gjer Kystpilegrimsleia med alt dette?

Året vårt har starta med planlegging av store møter i kvart fylke der kommunar, destinasjonselskap. kyrkjeverger og prostar blir invitert til arbeidsseminar for å arbeide med problematikken «Kystpilegrimsleia i mi heimestad». Datoane bli klare om litt.

Mange spør oss om det blir eit nytt seilas denne sommaren. Svaret på det er dessverre nei. Årsaka er at målet og mandatet til prosjektet er å skape ei reiserute for bilfri reise, og da blir det litt på sidelinja å bare arrangere ein tur. I staden for er vi ivrige medhjelparar for dei som skal arrangere turar og bidrar med informasjon der vi kan. Det er ikkje gjort på ein dag å binde saman 75 kommunar og reiselivstilbydare og enda fleir lag og foreiningar til ei løype med overnatting, mat og attraksjonar. Vi får stadig høyre om nye idear og planer om turar og du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt dersom der er noko vi kan bidra med!

Da vil eg få ynskje dykk alle ein god vinter og snart lysare dagar!

Hilsen Anette Christiansen prosjektleiar for Kystpilegrimsleia.