Prosjekt Kystpilegrimsleia heldt sitt første møte på Utstein Pilegrimsgard 9-10 oktober.

Prosjektgruppa samla foran Utstein Pilegrimsgård

Prosjektdeltakarane frå vestlandets fylkeskommunar, bispedømer og Riksantikvaren har vore samla på Utstein i to dagar og jobba for å ta prosjektet vidare.

NRK Rogaland radio kom på besøk og pratet med Jan Geir Auestad frå Rogaland fylkeskommune og Anette Christiansen prosjektleiar for Kystpilegrimsleia. Intervjuet kan du høyre her. Hovudpunkta for møtet var å arbeide med å etablere organisasjonskultur og struktur for prosjektorganisasjonen og starte det praktiske arbeidet. Det var semje om å knytte nærare kontakt med kommunar, frivillige lag og organisasjonar for å sikre breiare lokalt engasjement.

20141010_131923

Jan Geir Auestad frå Rogaland fylkeskommune her saman med dagleg leiar av Pilegrimsgården Reidun Kyllingstad og Prosjektleiar Anette Christiansen.

 

Til stade på møtet var

Jan Geir Auestad, Rogaland fylkeskommune

Margun Pettersen, Stavanger bispedøme

Ragnhild Halle, Stavanger bispedøme

Tor Titlestad, Hordaland fylkeskommune

Ragna Sofie Grung Moe, Bjørgvin bispedøme

Knut Åland, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Bjørn Ringstad, Møre og Romsdal fylkeskommune

John-Erik Brakstad, Møre bispedøme

Åse Bitustøl, Riksantikvaren

Anette Christiansen, Prosjektleiar

 

Forhindra frå å delta:

Representantane frå Sør-Trøndelag fylkeskomune og Nidaros bispedøme og Stavanger biskop.

Bokaktuell: Lars Verket, eldsjel, eventyrar og sjølvutnemnd padlofil nøyer seg ikkje berre med å dokumentere sine reiser med fantastiske bilde. No kjem han også med bok om den fantastiske reisa si med kajakken Sunniva frå Tønsberg til Trondheim våren/sommaren 2014.
Lars Verket utenfor SeljaAt Norges kyst er ein scene som skapt for eventyrlystne og oppleving-søkande reisande er det ingen tvil om. Kystpilegrimsleia er eit prosjekt som vokse med og av lokalt engasjement gjennom vår storstilte kyststripe. Målet er å skape ei reiserute fra Stavanger til Trondheim i de gamle pilegrimanes fotspor. Lars Verket, også kjent som Padlepilegrimen, blei fulgt av tusenere på sosiale medier i sommar då han reiste heile den lange sjøvegen som Adam av Bremen (1075 e.kr) anbefalte pilegrimane som skulle til Trondheim å reise. Her er ein liten smakebit på kva boka som nå blir til vil handle om.

Prosjekt: Padlepilegrim

Av Lars Verket

I april startet jeg med kajakk fra Tønsberg, og målet var å bli den første som padlet Kystpilegrimsleia til Trondheim. Slik skulle det ikke gå, men det ble en utrolig begivenhetsrik tur – fullt av opplevelser.

Foto Lars Verket.

Fra Tønsberg til Kristiansand gikk alt etter planen, og jeg tilbrakte påsken i kajakken. Påsken 2014 vil blir husket som «Sommeren som kom på forskudd». Forbi Ny-Hellesund deltok jeg på verdens(?) første Padlepilegrimsmesse. Nesten 50 stk hadde møtt opp! Rundt Lindesnes fikk jeg fullstendig havblikk, men gikk på en smell rundt Lista. Det medførte senebetennelse, og en pause i Egersund. Deretter startet jeg fra Utstein, og hoppet dermed over Jæren. Så ble det fine dager frem til Bergen. Herfra ble det nye utfordringer, og etter en skikkelig maratondag ble Eivindvik stoppstedet for kajakken.

Deretter ble det båt til Florø, og Sunnivaleia til fots frem til Selja. Her ble jeg i mange dager – et sted som med rette kan tituleres «genius loci» (et sted med ånd – thin place). Fra Selja ble det haiking, buss, mer vandring, mer buss, hurtigbåt og mer vandring helt opp til Smøla. Derfra gikk turen tilbake til Florø for å hente kajakken. Sammen gikk vi ombord i MS Nordstjernen, og var med på turen frem til Nidaros og den offisielle markeringen på Selja.

MS NordstjernenI etterkant er det spennende å se tilbake på alle mulighetene som finnes langs Kystpilegrimsleia. Den eneste formen for transport jeg ikke prøvde var sykling, som det også må være gode muligheter for. Nå blir det interessant å følge arbeidet med Kystpilegrimsleia. Mange aktører skal samles og arbeide saman mot et helhetlig reiselivstilbud med overnatting, mat, merking og informasjonsmatriell og guider. Jeg synes også at det ville vært naturlig å starte fra Tønsberg, men antar at kanskje området for leia utvides etterhvert.

Lars Verket er godt i gang med boken

Selv er jeg i sluttspurten påboka «En padlepilegrims beretning – Fra Tønsberg til Nidaros». Denne kommer i salg fra slutten av november, og progresjon og en sniktitt finnes på www.padlepilegrim.no

Har du begynt å drømme om neste sommer allereie?
Bestill En padlepilegrims beretning – Fra Tønsberg til Nidaros, til deg sjølv eller nokon andre som er har ein eventyrar i magen og er klar for å oppleve kysten på ein helt ny måte.

 

Det gjekk fleire vegar mot Nidaros. Ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte ferdselsvegane til Olav den heilage sitt skrin var langs kysten – Kystpilegrimsleia. Dette var landets hovudfartsåre. Med eit godt beskytta farvatn innbyr kysten til sjøfart.

Pilegrimsreisene til Olav den heilage si grav begynte kort etter 1030, og Olavskulten si raske utbreiing i Nord-Europa førte til mange pilegrimar frå inn og utland til Nidaros (DN II, 3; Molland 1968:296). Valfartstaden Nidaros er omtalt i historiske kjelder allereie i 1075 – i Adam av Bremen sitt «Bremens Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum». Her er også dei ulike pilegrimsrutene til Nidaros nemnt, m.a. Kystpilegrimsleia:

«Viss ein seglar frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark, kjem ein i løpet av ein dag over til Viken, som er ein by i Noreg (truleg Oslo). Derfrå held ein til venstre og seglar langs Noregs kyst, og på den femte dagen når ein fram til byen Trondheim.Ein kan også reise ein anna veg, som fører frå danskane sitt Skåne over land til Trondheim. Men denne vegen over fjella tek lengre tid, og ettersom han er farefull, blir han unngåttav reisande.» Adam av Bremen 212-213

Sjøvegen – Kystpilegrimsleia – utgjorde såleis, ifølgje Adam av Bremen, den viktigaste mest brukte ferdselsåra til Nidaros, sjølv om også sjøvegen kunne vere farefylt med skiftande vær og piratar.

Truleg har både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros. Mest sannsynleg vart pilegrimsreiser med utgangpunkt frå stader langs Vestlandskysten føreteke langs kystleia. Også dei tyske hansakjøpmennene reiste på pilegrimsferd til Nidaros. Hansaforbundet hadde Olav som sin skytshelgen. Sannsynlegvis gjekk reisa som starta i Lübeck langs sjøvegen via Bergen til Nidaros (Bjelland 2000:118). Dei følgde kystleia. Det er likevel vanskeleg å vurdere omfanget av pilegrimstrafikken – og kor mange som reiste langs kysten i forhold til landevegen. Men i følgje Adam av Bremen føretrakk pilegrimar sjøvegen – i iallfall når dei kom frå Danmark eller Nord-Tyskland.

Båt framfor land

Det var raskare å ferdast i båt enn på land. Gode hamneforhold var viktig for ein trygg seilas. I mellomalderen nytta ein seg av naturlege hamner langs leia, og ved dei viktigaste hamnene vart det montert fortøyingsanordningar som skipa kunne fortøyast i. Dei fleste sjøfarande pilegrimar hadde ikkje eige skip. Ved ferdsel i båt og skip langs kysten måtte ein vanlegvis betale for seg, noko som nok førte til at ikkje alle hadde muligheit til å reise sjøvegen. Dei som reiste hadde som regel heller ikkje råd til å betale fullt ut for ferda. Det var difor vanleg å hyre seg som mannskap. Pilegrimar kunne ta hyre både på handels- og lasteskip (Olsen 2013:49, 55).
Olav var sjølv ein erfaren sjøfarar – ikkje minst etter å ha reist i viking i mange år – og langs heile kysten finn vi fenomen som folk har forklart gjennom helgenkongens nærleik og handlingar. Til dømes skal Olav ha opna sunda ved Tysnesøy i Sunnhordland og Korssundet ved Eivindvik i Sogn. Og i følgje lokale tradisjonar på Helgelandskysten skal det berømte holet i Torghatten ha blitt til ved at kongen segla tvers gjennom fjellet. På fjellet Hornelen i Bremanger i Sogn skal Olav ha mant eit troll i stein – som den dag i dag står i fjellsida og kan sjåast frå seglingsleia (Olsen 2013:68-69). På Ege i Egersund finn vi ein av landets finaste esker – St. Olavsormen som vart freda allereie i 1972. Dette er ein lang og buktete åsrygg av grus og stein avsett av isen, og også denne blir knytt til helgenkongens handlingar. I følgje segna er dette Midgardsormen som prøvde å komme seg frå fjorden og opp til eit vatn innafor. Her vart han drepen av kong Olav – og han vart liggande som eit bevis på kongens siger.

På denne måten sette Olav sine spor både i kystlandskapet og i kystbefolkningens bevisstheit. Mange av desse segnene kan ha blitt spreidde av pilegrimane som valfarta langs leia, og pilegrimane har truleg spela ei viktig rolle som tradisjonsformidlarar.

 

Valfartane vart korte og lange

St. Olav sitt skrin i Nidaros var det fremste valfartsmålet – og Noreg sitt einaste internasjonale pilegrimsmål. Det var likevel ikkje alle sjøfarande pilegrimar som reiste så langt. Det var også andre viktige heilagstader og pilegrimsmål ved kysten og langs leia. Desse har i hovudsak ugjort lokale og regionale pilegrimsmål – sjølv om det også er sannsynleg at utanlandske pilegrimar på veg mot Nidaros stoppa her. I mellomalderen vart det bygd fleire kloster langs kysten. Klostera fungerte ofte som overnattingsstader for langvegsfarande pilegrimar, men dei kunne også vere eit valfartsmål i seg sjølv. For mange var dei kortare ferdene til kloster og andre heilagstader i nærleiken meir overkommelege enn å ta den lange reisa mot Nidaros. Det finst likevel få skriftkjelder frå mellomalderen som kan gi informasjon om valfarten til mindre berømte helgenar og heilagstader i Noreg (Blom 1968:309), men fleire stader langs kystleia er likevel nemnt som pilegrimsmål. Dette gjeld t.d. domkyrkja i Bergen og Fana kyrkje – begge i Hordaland.

Selja, vårt første valfartsmål

20140603_162242

Eit av dei viktigaste og kanskje mest kjente pilegrimsmåla langs kystleia var øya Selja ved Stad som ligg midt i seglingsleia mellom Trondheim og Bergen. Legenda om den irske prinsessa Sunniva som stranda på øya Selja etter å ha lagt ut på havet i båt utan årar og segl for å komme unna ein heidensk friar er godt kjent i Vestlandet si kultur- og kyrkjehistorie. Sunniva vart skrinlagt i 996, etter ordre frå Olav Tryggvasson, og ho fekk etter kvart helgenstatus. Selja og St. Sunniva sitt skrin vart slik vårt første valfartsmål. Ved fjellet på Selja finn vi i dag ein oppmurt steinterasse frå 1100-talet, som er truleg er restane etter den liturgiske samlingsstaden for pilegrimar som besøkte anlegget (Hommedal 1995:79). Og i klosterruinane på øya er det funne fleire pilegrimsmerker frå ulike pilegrimsstader. Desse vitnar om pilegrimane som ein gong besøkte Selja (Grieg 1968:318). Selja var også ei naturleg hamn for den som måtte vente på passande vêr for å kunne passere Stad. Øya var dessutan eit av utreisepunkta og innkomststadene for ferder i vesterveg (Hommedal 1995:91).

Flere viktige pilegrimsmål

Ikkje berre Nidaros, men også andre domkyrkjer utgjorde viktige pilegrimsmål i mellomalderen (Molland 1968:297). Dette kan vi t.d. sjå i sættargjerda frå 1277 som var eit forlik mellom erkebiskop Jon Raude og kong Magnus Håkonsson. Her står det at:

Likeledes innrømmet han på ny og bød alle pilegrimer som besøker den salige Olavs og andre helgeners og de nevnte norske katedralkirkes terskler for å tilbe, så vel innenlandske som utenlandske, skal nyte full sikkerhet, enten det er krig eller fred, både når de drar til og fra (Norske middelalder dokumenter: 144).

I følgje sættargjerda ser det såleis ut til at både norske og utanlandske pilegrimar besøkte domkyrkjene. Enkelte av desse kyrkjene – som domkyrkjene i Bergen og Stavanger – låg langs Kystpilegrimsleia. Domkyrkjene hadde ofte verdifulle relikviar. Biskopane kunne dessutan gis rett til å utstede avlatsbrev for dei som oppsøkte domkyrkjene ved dei store høgtidene.

Steinkrossane langs kysten

Dei mange steinkrossane langs Vestlandskysten er eit markert innslag i landskapet på Vestlandet, og dei kan vere minne etter ei tidleg misjonstid (Birkeli 1973). Kanskje skulle steinkrossane også fungere som beskyttelse for reisande langs leia, og markere tilstadeverelsen av kristne menneske og ei kristen tru. Plasseringa av steinkrossane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane tyder på at dei som reiste krossane var knytt til Vestkysten av Noreg.Desse tre fylka, som i mellomalderen var delt inn i fire – Rygjafylke, Hordafylke, Firdafylke og Sygnafylke – representerer det opphavlege lovområdet til det gamle Gulatinget (Indrebø 1936:25; Helle 2001:76–77), som igjen utgjorde kjerneområdet til Håkon den gode. Etableringa av Gulatinget tidleg på 900-talet er blitt sett i samanheng med kongen sitt forsøk på å konsolidere makt og kristendom på Vestlandet (Helle 2001:30, 46). Den eksakte plasseringa av Gulatinget er ikkje kjent, men Eivindvik er ein av stadane som peikar seg ut. Her er det reist to steinkrossar – begge er laga ved kvernsteinsbrota i Hyllestad (Baug 2002:86).

Steinkrossane kan også ha blitt nytta i samband med utandørs gudstenester i mellomalderen før den første kyrkja vart bygd på staden. Fleire av krossane står på det som seinare vart viktige kyrkjestader – og dei kan ha fungert som samlingspunkt under bønn og gudsteneste forut for bygginga av kyrkjene. Truleg har dei også vore viktige for pilegrimane som valfarta langs kysten. Eit dokument frå 1394 viser at ein kross vart reist i Eidsskog til minne om Oav den heilage. Pilegrimar skulle kunne holde gudsteneste ved krossen, og det vart også bygd eit lite bønnehus i nærleiken for pilegrimane (DN I, 545). Kanskje har steinkrossane langs kysten hatt ein linande funksjon.

Pilegrimsvandring som botshandling

I dei tilfella der pilegrimsvandringa var ei botshandling var det ofte eit viktig poeng at reisa skulle vere fysisk krevjande. Dette gjorde at vandring til fots var det naturlege for mange. Pilegrimane som reiste langs kystleia har nok i stor grad også kombinert ferdsel til sjøs og til fots. Dette var heilt vanleg for folk som reiste langs kystleia (Elvestad 2005a:8-9). Og på særleg utsette strekningar, som Jæren, Stad-landet og Hustadvika, var det nok mange som føretrakk å vandre til fots.

Kystleia gjekk innaskjers der det var mulig, og vart kalt tjodaleia eller allmannleia. Betydinga av allmannleia kjem også til uttrykk gjennom plasseringa av dei kongelege kapella. I 1308 fekk kong Håkon Magnusson paven si godkjenning til å skille ut 14 kongelege kapell som ein eigen institusjon, som var unndregen biskopane sin styring og kontroll (DN I, 114; Norske middelalder dokumenter: 244). Dei fleste av desse kapella vart lagt til byane i mellomalderen og langs kystleia der dei utgjorde naturlege stoppestader, som t.d. Vanse på Lista, Sørbø på Rennesøy i Ryfylke, Avaldsnes på Karmøy, Fana, Tyssøy i Sund og Herdla i Øygarden. Dei kongelege kapella fekk tildelt avlatsprivilegium av paven. Dette har sannsynlegvis ført til at dei vart attraktive for pilegrimar som valfarta pga. ei botshandling. Dei fleste pilegrimar som var ilagt botsvandringar har truleg gått til dei næraste måla med avlatsrett, og mest sannsynleg har difor dei kongelege kapella i stor grad vore lokale valfartsmål (Olsen 2013:80).

Husly for pilegrimar

Overnattingsmuligheitene for pilegrimar kunne vere svært primitive, anten dei overnatta om bord i skipet eller på land. Klostra som låg langs kysten hadde gjerne gjestehus. Dei som kunne betalte for seg, mens fattigfolk hadde rett til gratis opphald. Prestegardane vart også nytta til overnatting i mellomalderen. Ei rekke klageskriv tyder på at denne forpliktelsen vart sett som ei byrde for prestane, og at dei etterkvart tok seg betalt for å halde vertshus i prestegarden. På 1500-talet skal soknepresten på Avaldsnes ha fått kongen sin del av tiende frå soknet, som ei form for kompenasjon for å holde herberge (Olsen 2013:52, 57).
Av særleg betydning for pilegrimane var sælhusa (sálhus). Dei er nemnt i Gulatingslova som eit tilbod til reisande (G 100), og er ei ordning som i alle fal går tilbake til 1100-talet. Namnet indikerer at det fulgte velsignelse – sælebot – med å bygge dei. Dette kan tyde på at kyrkja støtta tiltaket, sjølv om det ikkje nødvendigvis var kyrkja som reiste dei. Det var ofte lagt jordeigedom til sælhusa som gav intekt til å sikre vedlikehaldet. Sælhusa var ubemanna overnattingsstader, kanskje berre eit enkelt trehus med sengebenkar og eldstad på golvet. Langs leia er det i dag ei rekke stadnamn som vitnar om denne aktiviteten – t.d. Salhus utanfor Bergen og Salhus på Karmøy. Frå slutten av 1200-talet kom det også ein ny type vertshus – tafernishus. Etter kongeleg beslutning skulle desse ligg med ein halv eller ein heil dagsreises avstand langs dei viktigaste ferdselsårene. Dei stod under kongeleg beskyttelse, og var merka med kongens våpenskjold. Dei var også fritekne frå ein del samfunnsforpliktelsar mot å holde denne type vertshus (Olsen 2013:52-53).

Reformasjonen- valfartens slutt

Valfarten til Nidaros tok slutt med den protestantiske reformasjonen i 1537. Med eit slag vart erkebispedømet, bispeembetet, klostervesenet og helgendyrkinga avskaffa. Relikvieskrina vart fjerna frå helgenmåla, og avlatsaspektet var ikkje lenger aktuelt. Valfartsfenomenet vart offisielt avslutta, og valfarten til dei store pilegrimsmåla i Noreg tok slutt. Det betydde også slutten på kysten som pilegrimslei. Leia langs Norskekysten heldt likevel fram med å fungere som vår viktigaste ferdselsåre i mange hundre år. Sjølv om det er 500 år sidan pilegrimane valfarta langs kysten på veg mot Nidaros eller andre lokale pilegrimsmål, finn vi likevel fortsatt klare spor etter denne aktiviteten. Fleire av stadene dei besøkte – som kyrkjer, kloster og kanskje steinkrossar – står langs leia den dag i dag som klare vitnesbyrd på historia og pilegrimsvandringane som fann stad her i mellomalderen.

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten. Les hele rapporten og kildehendvisningene her

 

Då Olav Haraldsson fall på Stiklestad i 1030 var kristendommen ein ny religion i landet. Kyrkja var ein del av ein overnasjonal institusjon, og med kristninga vart Noreg for alvor ein del av det europeiske fellesskapet.

Religionsskiftet kom seint i Norden i forhold til på kontinentet og Dei britiske øyene. I fleire hundre år før kyrkja sine menn gjorde sitt inntog i landet hadde likevel folk i Noreg kjent til den kristne trua. Gjennom reiser, handels- og plyndringsferder til kristne område både på Dei britiske øyene og på kontinentet vart dei kjent med den kristne trua, skikkar og ritual. Kristningsprosessen var slik ein langvarig prosess, og mange hevdar at den eldste kristne innflytelsen i Skandinavia går tilbake til 500-talet. Men sjølve konversjonen – altså overgangen til kristendommen – starta seinast på midten av 900-talet og varte til slutten av 1000-talet (Skre 2004:236).

I løpet av vikingtida føregjekk det slik ein djuptgåande endring i religionsforholda i dei nordiske landa. Innføringa av kristendommen som offisiell religion heng likevel saman med ei ny og ærgjerrig kongemakt som etablerte seg i sein vikingtid (Steinsland 2005:421). Religionsskiftet bør difor knytast meir til politiske og sosiale årsaker enn til den kulturelle påverknaden som hadde funne stad i fleire hundre år (Skre 2004:236).
Heidendomen var djupt vevd inn i heile det førkristne samfunnet, og det var truleg ikkje ein lett sak å skifte religion, korkje for enkeltmenneske eller for samfunnet som heile. Vikingtidas menneske oppfatta ikkje gudstru og riter som eit avgrensa fenomen i kulturen, og dei hadde ikkje eit eige ord for religion. I staden for snakka dei om siðr – sed eller skikk. Ved innføringa av kristendommen var det difor ikkje berre gudstrua som endra karakter – men heile samfunnet – med ei nedbryting av rotfesta kulturmønster (Steinsland 2005:423). Ein polyteistisk religion med fleire gudar og makter vart erstatta av trua på ein Gud. Ein etnisk religion utan presteskap og kultbygningar vart erstatta av ein universell frelsesreligion med eit mangfald av prestar og gudshus.

Religionsskiftet innebar både eit ideologiskifte og ei mentalitetsendring – nye normer og levereglar og eit nytt verdsbilete. Kristendommen innebar ein ny orden. Perioden rundt 1000-talet var såleis ein epoke med store og dramatiske endringar på alle plan.

De tre kristningskongane

Overgangen til kristendommen kan vanskeleg forklarast utan kongemakta si medverknad, og religionsskiftet var først og fremst resultat av endra politiske forhold. Kongane var ein viktig årsak til at kyrkja og den kristne trua fekk fotfeste i Noreg, og innføringa av kristendommen gjekk hand i hand med konsolideringa av kongemakta og samlinga av Noreg (Steinsland 1990:128). Motstanden mot kristninga var slik også ein politisk motstand mot kongemakta. I sagatradisjonen sin historie om religionsskiftet i Noreg står tre kristningskongar sentralt; Håkon den gode Adelsteinsfostre, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson.

Håkon Adelsteinsfostre var konge i Noreg ca. 931-961 (Skre 2004:239), og blir gjerne rekna som den første kristningskongen. Han var Harald Hårfagre sin son og var fostra opp ved hoffet i England. Han kom til Noreg i 930-40- åra med prestar i følgjet sitt. Han hadde då god kunnskap om den angelsaksiske kyrkja si tru og misjonsinnstilling. Håkon og følgjet hans oppsøkte stormenn og høvdingar og forsøkte å få dei til å la seg døype og til å bygge kyrkjer. Men Håkon hadde ikkje tilstrekkeleg politisk styrke til å innføre kristendommen som allmenn religion i landet (Skre 2004:239). Kristningsforsøket hans stoppa på Mære i Trøndelag, der han måtte gi etter for bøndene som kravde å fortsatt få dyrke dei heidenske gudane sine (Sigurðsson 1999:92). På dødsleiet valgte kong Håkon sjølv å bli gravlagt som ein heidensk mann.

Den andre kristningskongen, Olav Tryggvasson (995-1000), kom heim til Noreg i 995 etter fleire år i viking. I følgje sagatradisjonen steig han i land på Moster på Bømlo og grunnla kyrkje der. Han var blitt døypt i England, og på same måte som Håkon hadde også Olav Tryggvason prestar med seg til Noreg. Han begynte ein systematisk og hardhendt kristningsprosess. Sannsynlegvis var den rikdommen Olav skaffa seg som vikinghøvding viktig då han gjekk inn for å etablere seg som konge i Noreg. Olav si regjeringstid varte berre i 5 år (Solberg 2000:307-308). Han forsvann sporlaust under slaget ved Svolder i år 1000 (Steinsland 2005:428).

 

Politisk kristening

Den neste avgjerande hendinga i kristningsporssessen skjedde gjennom Olav Haraldsson (1015-1028) sitt kristningsforsøk i 1020. Olav Haraldsson hadde også reist i viking i mange år, både i England, Spania og Frankrike. I 1013 skal Olav ha slutta seg til den engelske kong Ethelred, som hadde flykta til Frankrike etter eit angrep i England leia av kong Svein Tjugeskjegg. Olav skal ha blitt døypt i Rouen. Han reiste tilbake til England med kong Ethelred, og her samla han i 1015 ein flokk utvalte menn og sette kursen mot Noreg. Han hadde ingen stor hær med seg då han kom – berre to skip. Men med alt sølvet han hadde vunne som vikinghøvding var det lett både å verve folk og å skaffe seg støtte frå høvdingar rundt i landet. Som Olav Tryggvasson hadde gjort før han, heldt han til i Nidaros og var sentral i utviklinga av kaupangen der – som var viktig både for kongemakta og innføringa av kristendommen i Inntrøndelag. Olav prøvde likevel å få eit reelt herredøme over det meste av Noreg (Solberg 2000:308-309).

I Gulatingslova og Frostatingslova sine kristendomsbolkar er det skrive ned fleire bestemmelsar som skal ha blitt forhandla fram på eit tingmøte på Moster mellom kong Olav sin hirdbiskop Grimkjell og tingmennene. Dette møtet vart truleg av samtida sett som kristendommen sitt definitive gjennombrot. Ein runestein på øya Kuli nord for Kristiansund har runeinnskrifta: Tore og Hallvard reiste denne steinen etter (Ulvjlot) Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg…. (Andersen 1977:125-127 ).Arkeologiske undersøkingar har avdekka treverk frå ei bru, og steinen kan ha blitt reist då brua vart bygd, noko som var vanleg. Treverk frå brua er datert til 1034, og det stemmer godt med sagatradisjonen – at Mostertinget fann stad tidleg i 1020-åra. Dette var eit kyrkjemøte der Olav Haraldsson samla den politiske og kyrkjelege makta i landet for å vedta grunnleggande prinsipp i den norske lovgjevinga. Målet var å få utarbeida ein felles mal for den såkalla kristenretten, som skulle leggast fram for dei enkelte lagtinga til godkjenning. Innskrifta på Kuli-steinen tyder på at skifte av religion vart oppfatta som ei skjelsettande hending som danna utgangspunktet for ei ny tidsmarkering (Steinsland 2005:423).

Olav Haraldsson bidrog ikkje berre til å innføre kristendommen, men også til å bygge opp ein riksomfattande kyrkjeleg organisasjon i landet med kyrkjer og prestar (Andersen 1977:135; Skre 2004:242). Men i 1026 endra maktforholda seg, og Olav var på vikande front. Bondesamfunnet i Trøndelag var fiendtleg innstilt mot han. Kongen sine tidlegare støttespelarar, som Erling Skjalgsson og Hårek på Tjøtta, braut med han. Det gjorde også fleire av stormennene som tidlegare hadde vore viktige for kongen sin lokale maktposisjon ulike stader i landet.

I 1030 prøvde Olav å gjenvinne riket sitt, og på seinsommaren 1030 marsjerte han inn i Trøndelag med ein liten hær. Han fekk banesåret sitt i slaget på Stiklestad (Solberg 2000:310-311), men då var truleg kristninga av den norske befolkninga i stor grad gjennomført (Skre 2004:242).

Rex Perpetuus Norvegiae

Paradoksalt nok kanskje, var det kongen sin død som brakte kristendommen fram til endeleg seier i landet. Eit år etter sin død vart Olav gjort til helgen og martyr for riket, og ingen kjelder vitnar om organisert mostand mot kristendommen etter dette (Sigurðsson 1999:104; Steinsland 2005:450). I Soga om Olav den heilage skildrar Snorre Sturlasson skrinlegginga slik

«Tolv månadar og fem netter etter kong Olav døydde, vart dei heilage leivningane hans tekne opp, og då var kista til kong Olav mest kommen opp or jorda att, og kista var liksom ny, nett som ho var nyhøvla. Grimkjell biskop kom til då dei let opp kista til kong Olav, og då stod det ein yndeleg ange av ho. Da nækte bispen andletet til kongen, og han var ikkje det minste annleis i åsynet, og han var så raudlett i kinna som han nyleg hadde sovna. Dei som hadde sett kong Olav då han fall, kunne godt sjå kor mykje håret og neglene hadde vakse sidan, mest likså mykje som dei ville ha gjort om han hadde vore i live her i verda heile tida sidan han fall»  Soga om Olav den heilage: 267

Olav vart svært populær hos folk flest, og skrinet hans i Nidaros vart eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i Nord-Europa gjennom heile mellomalderen. Folk valfarta til grava hans – både frå Noreg og andre land, og Olav vart i løpet av kort tid heile Noregs, Nordens og også Europas helgenkonge. Pilegrimar søkte bot og helbrede ved Heilag-Olav sitt skrin i Nidaros. Etter at Kristkyrkja – Nidarosdomen – stod ferdig ca. 1320, vart Olavsskrinet oppbevara her. Dødsdagen hans, 29. juli vart feira av kyrkja som Olavsvaka, seinare olsok (Steinsland 2005:429). Olav vart rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Han vart midtpunktet i ein kult som spreidde seg langt utanfor landets grenser.

Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten. Les hele rapporten og kildehendvisningene her