Berekraftig reiselivsutvikling

20140613_094725
Berekraftig reiseliv siktar på balanse innafor sosiale, økonomiske og miljø aspekt. Ansvarlighet kvalitet og langsiktigheit er viktige stikkord.

Ei berekraftig reiselivsutvikling der dei unike natur- og kulturressursane langs kysten blir iveratekne for kommande generasjonar er viktig. Ansvarlegheit, kvalitet og langsiktigheit er viktige stikkord. Det er viktig at det blir lagt til rette for levedyktige lokalsamfunn, gode og stabile arbeidsplassar og økonomisk levedyktige reiselivsbedrifter samtidig som miljøperspektivet blir ivareteke.

 

Geoturisme

Kystpilegrimsleia er også ei ideell satsing innan geoturisme. Geoturisme er turisme som tek vare på, forsterkar og framhevar ein stad sin lokale eigenart – miljø, kultur, estetikk, kulturarv – som kjem lokalsamfunnet til gode. Innovasjon Noreg har forplikta seg til å basere norsk reiselivsverksemd på geoturisme, og i dag er dette ei plattform for reiselivs- og turismeutvikling. Bruken av kysten både som transportåre og ervervsgrunnlag gjennom tusenvis av år er noko av det som gjer dette området så unikt. Naturen og naturressursane her har lagt primissane for folk sitt liv og virke gjennom generasjonar, og framleis finn vi spor etter dette langs kystleia. Ei satsing på Kystpilegrimsleia og kulturminna som vi har her vil vere viktig for området sin eigenart, og det vil også komme lokalsamfunnet til gode. Fokus på kysten i reiselivssamanheng kan vere viktig for å ivareta dei unike kulturminna her for kommande generasjonar. Reiseliv og turisme kan også bidra til å ta vare på dei mange og små lokalsamfunna langs kysten – der mange er trua av utflytting og nedlegging.

Pilegrimar i lokalmiljøet2009 Kystleia 238

Kystpilegrimsleia har eit potensiale for å trekke fleire besøkande hit enn dei som bruker leia i dag. Det har til no vore lite fokus på pilegrimstradisjonar og kyrkje- og religionshistorie i samband med kystleia – og dette vil gi ein heilt ny dimensjon til leia og kysten. Dei reisande treng både mat og overnatting, og det blir viktig å få besøkande til å bli i nærområdet, og bruke og utforske nærmiljøa. Butikkar, kafear, gardsmatprodusentar og spisestader, hotell og andre overnattingsstader vil vere viktige aktørar. Mange stader kan det vere vanskeleg å finne god mat og overnatting, og dette er noko ein må jobbe med. Næringslivet langs kystleia vil slik kunne nyte godt av utviklinga av Kystpilegrimsleia. Det vil vere svært viktig i det vidare arbeidet med eit sterkt fokus på lokal forankring. Kartlegging, dialog og samarbeid med ulike næringslivsaktørar langs kysten er nødvendig for å få til ei lokal verdiskaping.

Grønt Reiseliv

Dagens turistar ønskjer ekte og annleis natur- og kulturopplevingar – og marknaden for aktivitetar i naturen og autentiske reiseopplevingar er i sterk vekst. Dette er Grønt reiseliv – og døme på opplevingsaktivitetar her er vandring, padling og sykling i kombinasjon med servering av gode matopplevingar og overnatting, aspekt som også vil stå heilt sentralt i Kystpilegrimsleia. For Grønt reiseliv er det viktig å utvikle heilskaplege, landbruksbaserte turistprodukt, og å styre den lokale og regionale verdiskapinga. Dette er også klare målsettingar i reiselivssatsinga rundt Kystpilegrimsleia.
Green Pilgrimage er eit tilsvarande omgrep i pilegrimssamanheng – og det er oppretta eit nettverk – Green Pilgrimage Network – der ein har fokus på og arbeider med den miljømessige sida av pilegrimsrutene og heilagstadene/kulturminna som inngår i desse. Trondheim og Nidaros bispedøme er allereie med i nettverket, og eit miljøfokus vil som nemnt vere viktig i forhold til Kystpilegrimsleia.

Kartlegging

For å få til eit godt reiselivsprodukt og verdiskaping med Kystpilegrimsleia som tema vil både kulturminne og heilagstader, overnattingsstader, matservering og transport utgjere heilt sentrale element. Gjennom Kystpilegrimsleia vil desse settast inn i ein større og heilskapleg samanheng og slik gi stor opplevings- og kunnskapsverdi for dei reisande, og samtidig gjere det mulig for aktørar i lokalsamfunna å utnytte dette i næringssamanheng. Dette vil også kunne medverke til lokal stoltheit over kulturarven langs kysten. Ei pilegrimsferd langs Norskekysten – frå Rogaland til Nidaros – byr på mange opplevingar, spennande natur, historie og tradisjonar. Langs kysten ligg det svært mange kulturminne og heilagstader som vitnar om ferdsel og bruken av kysten gjennom årtusenar som prosjektet no arbeid med å kartlegge.

 


Denne teksten er henta ifrå Forprosjekt rapporten og omarbeide for nettbruk. Les hele rapporten og kildehendvisingane her